Riksscenen

Moldestad/Nordstoga/SVER

09 Mar 2017 Oslo, NO

Details

Time : 20:30
Venue : Riksscenen

[:no]Sigrid Moldestad og Aasmund Nordstoga er to av våre mest kjende og kjære folkesongarar, og når dei to slår seg saman med folkrockbandet SVER, luktar det stor folkemusikalsk underhaldning lang veg. Samarbeidet starta under Røros Folk Festival i 2015, og sidan det har dei gjort eit lite knippe konsertar saman.
Sigrid Moldestad har dei siste åra spelt og sunge seg inn i hjarte og sinn til publikum over heile landet. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela.
Aasmund Nordstoga kjenner dei fleste til gjennom mange musikalske prosjekt opp gjennom åra, og etter at platene «Ein visefugg» og «Friaren» – med Abildsø Spelemannslag som backing – fekk fleire radioslagerer, vart bonden frå Vinje i Telemark allemannseige.
Det norsk-svenske folkrockbandet SVER baserer det musikalske universet og den utovervende spelestilen sin på norsk fele- og hardingfeletradisjon, og når låtane har gått gjennom SVER–maskineriet, vert resultatet musikk som vekslar frå det drøymande og lyriske til det storslåtte og djevelsk svingande. No får me høyre kva dei hardtslåande folkrockarane har fått ut av materialet til Sigrid og Aasmund.
At Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og SVER er strålande kvar for seg, veit me godt. Kor fantastiske dei er saman, finn me ut på Riksscenen i mars!

Sigrid Moldestad – vokal, hardingfele og fele
Aasmund Nordstoga – vokal
Olav Luksengård Mjelva – fele og hardingfele
Anders Hall – fele, bratsj
Leif Ingvar Ranøien – toradar
Adam Johansson – gitar
Jonas Østbyhaug – bass
Jens Linell – trommer[:]